torsdag 26. mai 2011

Sponsorjakt

I den siste tida har me sendt ut ein del sponsormaila til diverse bedrifter og merkekjeder. Litt varierande tilbakemeldingar, men ei av det glade nyheitene er at me har motteke vår fyrste sponsorpakke frå Libresse. Ei stor pappeske fullt med nødvendig "førstehjelp" for jenter på tur.
På toppen av kransekaka har me Bjørn Dæhli Sport med oss i ryggen, som hovedsponsor, der me skal få tilsendt katalog og plukke ut produkter som vi vil bruke under trening før turen og under turen. Me gledar oss veldig til å teste desse produkta.  Dette er ein glimrande deal!
Utover dette har me fått tilbakemeldingar på at vi kan få prisavslag/rabatt hjå fleire merkekjeder som til dømes Devold og Fjellpulken. Dette vil også komme godt med i budsjettet.

For å få sponsorar er det viktig å kunne vise til at produkta blir reklamert for i god ånd slik at sponsoren også får utbytte av det heile. Me vil bruke bloggen til å skape god publisitet omkring produkta, og sidan me begge er studentar ved friluftslivsfag har me også gode mogleheiter til å nå ut til aktuelle brukarar av friluftslivsutstyr/bekledning.
I tillegg har me også sendt litt mailar til ulike magasin der me ynskjer å kunne skrive eit innlegg eller artikkel om turprosjektet vårt. Viss det slår an, er dette også ein ypparleg anledning til å trekke fram sponsorane våre.

Framover vil me nok pøse ut med fleire mailar i håp om at fleire vil gripe sjansen til å bli med oss gjennom vintereventyret. Som me etterkvart har forstått blir nok turen ein heller kostbar affære der me er avhengige av å ha sponsorar med oss.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar