tirsdag 1. november 2011

Eit hyggeleg møte med BJ Sport !

I dag har me vore på Hellerudsletta der BJ Sport har hovudkontoret sitt. Der hadde me eit uformelt møte med mellom anna Lene B., som er kontaktpersonen vår og produktutviklar/designer i BJ Sport. Me hadde eit møte der me diskuterte oss fram til kva bekledning som er aktuelt på turen vår og vi fekk prøve ein del ulike plagg. Me har sett mest på mellomlagsklede, luer, vottar/hanskar, lett ytterjakke og ei bukse som er av tilnærma proshell material. Dette er klede vi kjem til å nytte under dagar uten nedbør og altfor mykje vind i ryggen. Mellomlagskleda verkar særs gode og varme og ikkje minst ventilerande. Supert med tanke på at vi kjem til å sveitte og slite oss gjennom krattskog og bratte kneiker.  Vi skal teste om produkta er funksjonelle for slike turar også. Me er iallefall meget positive til produkta! Som ein gledeleg overraskelese bør det nevnast at me fekk med oss heim to uberfreshe gule dunjakker og to luer som er skapt for å sveitte seg op bratte bakkar i! Og som ikkje dette var nok for denne gong, fekk me også med oss to hettegensarar idet vi gjekk ut døra.

Takk for eit triveleg besøk Lene og BJ- Sport!





Her kjem litt bilder frå dagens besøk :)




1 kommentar:

  1. Hei hei Line og Idun,Bra jobba og flotte gule jakka.Gult er kult.Fine bilde.Klem fra mor og far Tjetland

    SvarSlett