tirsdag 24. april 2012

Frao Sulistjelma til Abisko; KNALL !

Frå Sulitjelma bar det innover til våre svenske grannar og eit betrakteleg flatare terreng. Me har verkeleg hatt både vär og före med oss på denne etappen og massevis av flotte naturopplevningar ! Närkontakt med rev, lynkjapt möte med jerven og rypeleik på kveldane. Solkremen har gått ned på högkant og smila trillar rundt, etappen gjennom Padjelanta  har rett og slett vore "jysla" flott :) Me er også godt nögde med nye ski og nyglida pulkar, deilig å slippe å stoppe opp kvar femte meter for å skrape av is og store snöblokker. Merkar at framdrifta har skutt meir fart og lange dagar har det blitt med kokkelering utanfor teltet i solnedgangen..
Frå Sulitjelma skilte me nok ei gong lag med Team Vinstra ,men heilt på tampen mötte me dei igjen för me kom til Abisko.På Abisko Turiststasjon har me fått tanka bra opp etter ein tur på supermarkedet og godisland. Litt grensehandel höyrer med :) Her har me også treft på Lina som går Sverige rundt med selskap av hunden sin. Artig å treffe på andre langvegsfarande :)
Slenger ut nokre lysglimt frå siste etappe :)

Avmarsj frå Daja camping ein sein måndags ettermiddag..

Jippi, godt å vere på¨farten igjen

High Five for Sulitjelma

Line koser seg med kart og utsikt til gruvebyen

Strike a pose

Noken veit å ta livet med ro :)
Oppe på breen med med Kokefjellet i bakgrunnen etter ein laaang motvbakke frå Ny-Sulitjelma

Inne på Ny-Sulitjelma., Her var det surroundanlegg og country på radioen, Line baud opp til dans og Mintu ;)

Vardfjellet

Ingen vits å vere morgongretten om dagen ..:)
Fyste luftetur for armar og bein så langt..Har litt å jobbe med!



Ehh

Sjokkomousse til dessert på Akkarstugorna

Lunsj tider og formiddagskvil
Spretten dame serru

Kveldens kokk


Stora sjöfallets Nasjonalpark; må tilbake dit å tikke av nokon nedkjöyringar

Av og til må ein svelge nokre kamelar

På veg til Ritsem for ein liten pit stop

Skroget har fått nokre riper undervegs men speglar seg i sola låll :)

Andie gir oss ein varm velkomst !

Ein av våre meir vindfulle dagar

NYDELEG !

Sotla og Budla nyter også gode dagar !


1 kommentar:

  1. Så mange artige bildo! Håpa at formen har kome seg, og at dø får kost dikkan masse den siste biten:)

    SvarSlett