mandag 11. juni 2012

Vi greide det! :)

Siste etappen for Sotla og Budla

solkrem må til
Etter litt ventetid og ein god del summing av opplevningar har me fått karra oss til å skrive eit aldri så lite blogginnlegg.


Me lar tårane trille over Finnmarksvidda

Må pleie forholdet vårt
Og der var det slutt på dei fårete smila..
Slurken som kosta oss dyrt
Troll bust
Natte vandring på Kautekeino elva

Massevis av overvatn på Torntrask

B-gjengen på tur

Det passar seg vel best å ta til på der me slapp sist, nemleg Abisko, der me gjorde ein liten bråvendig på rutevalget vidare nordover. Me hadde opprinneleg tenkt å gå gjennom Dividalen Nasjonalpark men etter å studert værmeldinga og plussgradenen nærmare, valte me å gå på svensk side. Det frista ikkje med gjennomslagsføre og baksing gjennom Dividalen..
Foran oss låg det eviglange Tornetrask vatnet som er uendeleg stort og faktisk den sjuande største innsjøen i Sverige. Då er det berre å peise på som me seier !
Finnland, here we come !


Me naut varme dagar i Sverige og, der me fekk heve av skallbekledninga og lufta ulla litt. Men når ein har hardbanka scooterspor på kryss og tvers, så merkar ein liten forskjell i føret heldigvis. På vår veg over til Kilpisjarvi møtte me ein god del vind over dei nakne viddene. Me stua oss saman i ei klynge for å finne le for vinden og elles blei pulken brukt som vindskjerm der me låg med hovudet godt negravd i duken.
Finske kulinaritetar
Ved Rostojaure , er det bygd opp eit sportsfiskaranlegg som tilbyr overnatting i hytter. Me kom forbi der ved lunsjtider og hadde eit lite håp om å få ete nista vår inne. Me traff på ein gjeng med finske isfiskarar som feira 1.mai helga her oppe. Dei inviterte oss inn i hytta og me fekk servert ei god kraftsuppe av elg og poteter med passande drikke til. Det skorta verken på gjestfridommen og humøret på denne gjengen og lunsjen blei difor lengre enn lang. Me slo til med den norske bursdagssongen til eldstemann i gruppa som fylte år og jammen lot han tårene trille.
Frå Rostojaure bar det vidare mot Kilpisjarvi som ligger på finsk side. Her blei me møtte av Hans og Lene som hadde kjøyrt frå Tromsø for å treffe to lurvete turgåarar. Dei hadde med depot til oss og ikkje minst, godt selskap :)

Me blei ikkje verande lenge i Finnland og det var på mange måtar meir ein rein transportetappe for vår del. Marsjane blei tynte og det blei mindre "kosetid" i teltet. Me traff på store reinsdyrflokkar som ville slå følgje med oss og måtte riste dei av oss for å ikkje havne i unåde hjå dei finske reinseigerane. Høgdepunktet for ferda gjennom det finske slettelandet kom ved Hirrvasshopio, ei gammal lafta koie som stod åpen og villig til bruk. Her slo me oss ned for ei natt der me låg i kvar si seng og naut følelsen av å berre kunne stirre inn i veggen mens ved ovenen er i full driv. Koia var lita og tett og det tok ikkje lange tida før det blei litt i overkant heitt for meg mens Line derimot syntes såvidt at det var blitt lunkent inne.
Oppstilling i Kautokeino

Det var stor jubel då me kraup under gjerdet og kom oss inn på norsk side igjen. Endeleg var me i Finnamark ! Her venta Kautokeinoelva, meir reinsdyr, joviale Finnmarkingar og dårleg drikkevatn. Utpå elva var det ein del åpne råk så me måtte snirkle oss litt rundt i starten og eg var nær ved å plaske ut då eg blei ståande på ein ski mens eg kjempa med å finne tilbake det riktige tyngdepunktet. Eit artig syn for dei som var tilskuarar og ein evig lang slow motion for min del.

På denne tida var det så og seie lyst heile døgnet på grunn av den gryande midnattsola. Me valte difor å snu døgnet for å utnytte nattefrosten betre. Det var utruleg flott å gå på natta og ein merkar at det er ein annan ro som faller over ein. Månen var i full vekst og me hadde mange "Wow" opplevningar. Sjeldan har nokon av oss latt tårene trille for ei flott utsikt  men det gjorde me altså no. Me satte igang med å "hugbelja" (lærdølsk for å grine) og klemte til kvarandre hardt. Mange følelsar var i sving og me skjønte vel meir og meir at denne turen faktisk har ein ende.

Då det lei på morgonkvisten var det tid for leirslagning. Mens Line gav laus på å pumpe opp liggunderlaga på rekordtid, var eg i gang med middagslaginga. Det blei diska opp med Tika Masala gryte og den obligatoriske te før maten. Me hadde ikkje all verdens matlyst men heiv innpå ein liten porsjon kvar. Eit par timar seinare bråvaknar begge to ; kaldsveitte og kvalme som aldri før. Eg ser bort på Line og ho svarar med "Eg e dårligeeee..." Før nokon rekker å seie noko meir styrtar me ut i kvart sitt fortelt der Tika Masalen blir gjennfødd på ny. Men den ser igrunn ikkje særlig annleis ut enn kompisen som framleis ligger i gryta. Pesande kastar me oss inn i innerteltet og ser bekymra bort på kvarandre. "Heita deg, kå i adle daga ha me faott i oss ?" rekker eg å seie før det er ny runde og denne gangen springer me ut av teltet. Vel inne igjen konstaterer me med at me berre får vente og sjå kva form kvelden bringer. Det blir mange turar inn og ut av teltet og urolig søvn. Etter "stillstand" i 24 timar må me finne ein anna sjukestove. Me karrar oss ned til Sulovompi, ein marsj på nærare to mil som blir ein kraftig styrkeprøve for oss. Me bytter om kapp på å kaste oss bak busker og haugar og kroppen kjennes totalt utkjørt ut. Pulken er heller ingen god venn då den strammar til rundt magen i kvart drag. Me blir verande på fjellstua ei god tid og rundt rekna var me vel dårlige i ei god veke før magasjauen slapp taket. I Alta var me så heldige å få bu privat hjå Bjørnar og Ann Margrit som stilte kjellarstova til disposisjon. Dei åpna heimen for to vilt framande og ganske ruskete turjenter. Me er evig takksamme for all hjelp og gjestfridom dei gav oss!

Føler oss lost i by orientering
 Etter å ha prata ein del med lokale er det vel liten tvil i at me har fått i oss dårleg vatn med ein miks av daude lemen og reinsskit. Me fylte opp drikkeflaskene i elva og drakk det utan å koke det fyrst. Det er dårlig deal, særleg i Finnmark...Javel, så fekk me ein lærepenge der som stadig sitter friskt i minnet.

Va ikkje feil med ein sofa å butikk i nærheten. Her fekk me endele kommet oss etter sjukå.
Morgonkaffe hjå Bjørnar og Ann Margrit
Gikk overraskende bra
Frå Alta blei ski og pulk bytta ut med sykkel og sykkeltralle. Me hadde ikkje tinga oss nokon av delene på førehand men i Finnmark finst det alltid ei råd. Syklar fekk me låne av Bjørnar og Ann Margrit og Truls på G-Sport lånte vekk sykkeltralla. Då me hadde fått både utstyr og magar på stell gav me oss i kast med landevegen. Føret var upåklageleg og me rakk å komme oss over Sennalandet før vinden feide to biler av vegen. Sykkelformen var litt rusten i starten og det reiv godt i knea når me trakka på. Sykkeletappen til Nordkapp blei unnagjort på tre dagar og siste dagen som skulle bli sjølve kremdagen, starta litt dårlig. Etter 200 meter frå siste leirplass punka dekket på sykkeltralla og sjølv med eit tappert repsett for handa, var det lite håp. "Jaja, kå gjer me no"? Me hadde flaksen med oss og etter ein halvtime i grøfta kom rutebussen. Busssjåfør Kjell tok med tralla til Honningsvåg og me kom oss på sykkelen igjen. Nokre mil sør for Nordkapptunnelen blei me inviterte på kaffe og heimelaga brød og røykelaks hjå eit hyggeleg par. Glimrande !

Punkterte dekk
Toppen!!
I Honningsvåg trefte me Kjell som tilbydde seg å kjøyre tralla opp til platået. Det takka me eit stort ja til. Nokre timar seinare og tre mil til på sykkelen, var me komne oss på platået. Det var ein heilt ubeskriveleg følelse der me sykla skulder til skulder og såg globen stirre mot oss. Me traff Kjell på parkeringa og rakk å gi han kameraet før me galopperte ut til gjerdet og heiv oss om halsen til kvarandre. Me jubla og lo mens tårane trilla nedover kinna. Ein intens lykkefølelse som ingen av oss har kjent før bredte seg i heile kroppen. Etter at dei obligastoriske bildene var tekne var det tid for leirslagning. Festmiddagen besto av Taco og Øl og ein god dose sjokolade til dessert. Me tok med liggeunderlag og sovepose og blei sittande utpå globen til langt på natta. For ei utsikt : Midnattsola sine flammande strålar over det uendeleg store nordishavet.

Helten Kjell som gjorde det mulig og lettare for oss å nå Nordkapp

Noen bilder fra siste etappe:

En siste middag med Vinstragutta i Alta


Feirte med pils på toppen
Blei innhenta på kaffibesøk langs vegen
Måse egg
Skumle dyr i veikanten


Koste osse med is og tog i Alta by 17.mai. Beste måten å feire vårt kongerike!
Avreise fra Alta 17 mai
Tårevåt reise, 4 mnd og 7 dager fra sør til nord. 2 t fra nord til sør...


Det ein litt tom følelse som melder seg etter ein slik tur og det var rett og slett litt trist stemning blant butejentene. Me tok kvarandre difor i handa på at i 2014 blir det ein ny runde med ein litt lengre skitur :)