Turen vår gjennom Blåfjella- Skjækerfjella starta med to flotte dagar med avbrekk frå regnet. Det var midt i blinken for to våte turgåarar !Knallflott og variert natur med alt frå klassik villmark til høgfjell og steile fjell. Me fekk god utsikt til Skjækerfjella i aust frå Sæterfjellet og møtte to svenske karar som hadde vore på vekestur i Skjækerfjella på norsk og svensk side. Me traff kvarandre etter avmarsj ein tidleg morgon og fann ut at me hadde slege leir 500 meter frå kvarandre. På same leirplass spota me ei elgku med ein kalv som trava roleg over myrdraga og ned til skogholta. Det var kjekt for to vestlendingar å sjå !
|
Goværs fotografen |
|
Telt kos |
|
Stille før stormen... |
|
Colgate smilet |
|
Speil speil på veggen der, hvem er villes i skogen her? |
Me fekk istand ein overnattingsavtale med Steinar Gaundal som tilbyr privat overnatting i Gaundalen. Hadde ein draumedag der me traska gjennom Styggdalen via elvegjel og over myrer. Når me kom til Gaundalen la me oss pladask på liggeunderlaga i sola. Line har nytt godt av syster Else sine kunnskapar om meditasjon og fekk oss begge i god søvn utpå sletta. I Gaundalen fekk me også påfyll med nøtter og sjokolade etter bestilling! Blei også informert om at det var mykje bjørn i omløp i området og at mister Helge Ingstad himself hadde vore her opptil fleire gonger på fiske. Me var så heldige å få med oss egg frå hønene på garden og mjølk. Etter vekesvis med havregraut og turrmjølk var dette ein stor opptur ! Når ein har ein ostebete itillegg er det ikkje grenser på kva ein kan diske opp!
|
Smiler sola til oss smiler vi gjerne tilbake! |
|
Her var det virkelig flott, et eldorado av småtjørn og viker en kan drømme seg bort. |
|
Egg og bacon de neste dager :D |
|
Likte denne plakaten! |
|
En ny variant av lasanje, egg og kjøttdeigfyll |
Frå Gaundalen fylgde me telefonmastene over til Holdern. Veldig greit når sikta var heller laber. Me hadde tenkt oss ein kjapp lunsj her ,men blei verande i to dagar på grunn av hissige nedbørsmengder. Mens me låg værfaste inne på Holdern dukka det stadig opp nye bekkar og elver som me ikkje hadde sett dagen då me kom. Me blei igrunn litt paffe når me såg dette og følte oss temmelg isolerte ei stund. Alikevel var det ikkje noko å utsetje på humøret og tida gjekk med til snøbading, quiz, lesing og kokkelering med ulikt hell. Napping av bryn med leatherman og nikambing av hedna fekk me også tid til. Det siste me hadde av Underberger rauk fort under dette opphaldet...
|
Vetle krøll |
|
Når napparen har forsvunnet, er det viktig å ha utstyret i orden! |
|
Vann? |
Etter nokre dagar i dokk var me klare til å gyve laus på ski og pulk igjen. Me trudde også at skyene var tømde for regn og labba avgarde med friskt mot. Opphaldet varte ikkje lenger enn til lunsj og skarelaget som me hadde gått på frå morgonen var blitt til sugeføre. Me fann ei fin lita hole som låg i le for vinden og var nøgde med å slå leir halvblaute. Då er det jo muligheiter for å turke opp med litt kosefyring i teltet. Line hadde eit lite dobesøk på natta og kvakk til når ho såg kembo store fotavtrykk utanfor teltet. Den natta blei det dårleg med søvn på Line, mens eg låg i djup søvn. Neste morgon fortalte ho om episoden og me studerte spora nøye før me strauk avgarde. Utruleg urutt at me ikkje tok bilde, men det var nok jerven som hadde luska rundt får me håpa! Har jo høyrt på ryktebørsen at hannbjørnane har kvikna til etter mildværet i det siste...
|
Har hatt nokon strie dagar oxo |
Det blei mange våte netter i telt før me kom oss ned til Sandivka på denne etappen. Ein av dagane kom det omlag 100mm regn og då byrjar ein å lure litt. Me slo opp teltet i 11 tida og kunne vri ullbokseren som var metta med vatn. Då tenker ein at oljehyre ikkje er eit dårleg alternativ..Så det har blitt nokre dagar med skral framdrift. Men det er alltids noko ein kan trøste seg med :)
|
Idun, lykkelig med sin trofaste venn |
Kvelden før me kom til Sandvika fann me ein superflott leirplass like ved elva der me fekk ein flott session med tørking og kokkelering utanfor teltduken ! Deiligt !
|
Sigøynercampen |
|
Tatt av vinden |
Før me kom oss opp på vegen mot Sandvika kjeik me innom garden Aunet der me blei møtt av Anna Nyborg som inviterte oss inn på kåffi og kakuskivur ! Det var gøtt:)
|
This is the road to... |
Me la oss inn på Lierne Gjestegård ,5 km aust for Sandvika, der me fekk god oppvartning ! Heimelaga elgpizza me eplekake til dessert og frukostbuffet stod på menyen. Me fekk god hjelp med rutevalget over fjellet og fekk eit heitt tips om å ta ein stopp innom Kvelia. Me fekk pulkane skyssa over til Kvelia og gjekk med lett oppakkning over fjellet til me havna på traseen til Flyktningsrennet. Fulgde opp tipset me hadde fått og på Kvelia vanka det kaffe og nye ullsålar til oss i spreke fargar. Er vorte ein tradisjon der at NPL-are får med seg ein suvenir når dei dreg forbi.
|
Klare for ski tur, uten pulk! |
|
Vertskapet ved Lierne Gjestegård |
|
Ikkje heilt vante med skitrekk for tia.. |
På Kvelia møtte me mange hyggelge folk som slo av ein prat. Ein av desse var Kjell Westum som driver turridning med Nordlandshestar i Lierne. Han var til stor hjelp for oss på denne vegbiten og hadde mange gode historiar på lur :)
|
Yo! |
Idag går ferda vidare gjennom Børgefjell etter eit supert opphald på Limingen Gjestegård. Bestyrar Hilde har gitt oss aromaterpi og varta oss opp med god mat og velvillig utlån av PC. Me setjer veldig pris på alle folka vi treffer undervegs og det byrjar nesten å hope seg opp med folk som skal få eit postkort frå toppen :)
Hei!
SvarSlettDere fortalte fra turen til FLU- studentene ved Høgskolen i Nord-Trøndelag under oppholdet ved Væktarstua. Det synes vi var et livsbejaende innslag. Etter det har vi hatt glede av å følge dere på gps-ploten i våre fjellstrøk og det gjør vi også videre.Stå på! Været er ikke allverden i trøndelagen for tiden, men dere står han av:)
God tur videre og ha et rikt (og enkelt) liv under åpen himmel.
mvh tor egil bagøien, høgskolen i nord-trøndelag