onsdag 28. mars 2012

Long time no seen..





No har me endeleg fått kapra ei datamaskin på Limingen Gjestegård der me pakkar om depot og forsikrar oss om alle kart er bankers for neste etappe.
Siste innlegg kom ved Brekken og det byrjar jo å bli nokre veker sidan. Me tar opp tråden derifrå og summar oss fram til Røyrvik, der me står i dag.
SYLANE
Etter ei glitrande feriring av kvinnedagen den 8. Mars i solskinnsvær og pils i handa bar det inn i Sylan Nasjonalpark. På Vektarstua i Stuggudalen fekk me gratis overnatting og god service, deriblant fekk me med oss tørka reinsdyrkjøt på turen av Dag Lennart Bendiksen!

Me fekk eit glimt av Sylanmassivet som ruga i framgrunnen i ca.5 minuttar før været slo om. Me var då midt ute på Esandsjøen og hadde teke fram Jerven duken i håp om litt fortgang over sjøen. Det blei det mildt sagt og me suste bortover sjøen. Det tok seg stadig opp med vind og det enda med knall og fall og eit stk spjæra Jerven.

Utpå sjøen fekk me plutseleg ein telefon frå Vinstra gutta som hadde spotta oss frå land. Og pluseleg kryssa me kvarandres vegar igjen :)
Dei påfylgjende dagane tok det seg kraftig opp med vind og regn. Dette hadde me ikkje venta tidleg i marsj og heller ikkje G-tex impregneringa. Heldigvis var målet for dagen Bjørneggen Turisthytte der det var tre gode vedovnar. Utruleg deilig å få tørke opp igjen alt av utstyr og bekledning :)

Med mildværet fekk me også ein del overvatn i dei lågare liggande strøka. Det var difor veldig godt å komme seg opp i høgda igjen og labbe over vatna. Er jo rimeleg mange tjønn, vatn og innsjøar i desse traktene så å gå rundt er dårlig deal for oss...

Etter nokre dagar i snaufjellet bar det ned att i skogen og gjennomslagsføre. Ramla inn på Innstua og fann ut at me mangla eit kartblad for neste dags etappe. Men me har jo alltids GPS tenkte me og var ikkje særleg bekymra for kartet. Me er ikkje særleg gilde i å rangle langs vegen så me skar like så godt opp i den svarte granskauen og etter mykje banning og steiking havna me i grensegata. Den var rimeleg rydda og me følte at det her var ein lur ide heilt til terrenget blei alt anna enn pulkvennleg. Me kom oss etterkvart opp på nokre myrdrag og traff på Anne og Per som var på veg til hytta. Dei hadde kartbladet me trengte og var så snille at dei gav det til oss. Me fann jo etterkvart ut at me hadde gått i ring mesteparten av dagen og var bånnslitne når me slo opp teltet etter 7 km med reell framdrift.. Grei pisk

I løpet av denne etappen har me også hatt vår fyrste vadetur og sikkert ikkje den siste på turen. Ingen bilder frå dette men ein saftig film :)
Sidan me er nokre matvarak utav dimensjonar gjekk me oss litt knappe for snacks og knekkebrød. Me prøvde lukka hjå Otelie Sisslewold ved Verasjøen og fekk med oss ost, brød, sjokkis og anna proviant. Den kvelden blei det svidde ostesmørbrød på bål :) Det er utruleg mange kjekke folk ein treffer rundt forbi !

Slenger
ut litt bilder frå etappen på tampen, bilder seier jo meir enn tusen ord :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar