onsdag 24. august 2011

Tilbake i Eplebygda Gvarv!

Vel ,då er ferietida i fagre Sogn over og eg er vel innlosjert i Gvarv som ligg eit steinkast i frå Bø. Har sjekka ut terrenget og det er ypparleg for dekksleping og trening før turen. I sommar har tida gått med til jobbing, leik og fanteri med gode venner og vandring i Lærdalsfjella. Dei to siste vekene har eg hatt base i Jostedalen der eg har aspirert på Nigardsbreen. Ein meir fantastisk plass med vene folk skal ein leite lenge etter!
Planen for hausten er å arbeide og tjene opp nokre slantar til turprosjektet vårt. Før eg byrjar i jobb ventar varme klipper i Kalymnos med lunka pils , gode folk og matglade geiter.

I desse dagar testar eg og Line ut forskjellige fleecejakker for Shape Up. Ein kjekk jobb som me går fullt inn for! Det er moro å hente ut pakkar frå posten jevnligt utan å måtte betale postoppkrav :)
Me er framleis på sponsorjakt der me har dialog med våre lokale sportsbutikkar. Verkar som me har vore veldig heldige med denne delen av arbeidet !
Dette er eit turprosjekt som krevjer ein god del planlegging og vi får difor god trening i logistikk, organisering og å skrive mailar som vekker interesse.

Til slutt vil me kome med ei lita annonsering: Alle som måtte ynskje det er hjartleg velkomne til å bli med på etappane våres. Det er berre kjekt om fleire vil fylgje oss eit stykke på vegen ! (Reknar med at du framleis er gira Lina ? :)

1 kommentar:

  1. Takk for fine sommardagar i Jostedalen! Eg er framleis gira på ei etappe ja :) Med mindre det skjer drastiske endringar i planane, men det er lite truleg... Kos deg på Gvarv ;)

    SvarSlett