onsdag 22. februar 2012

Frå Tyin til Otta






Letta over å ha komne oss med bussen med alt pikkpakket etter ein liten forgløymelse av visse pulkdrag..ooops
No har me jammen santen komne oss ned til Otta etter ein smørblid etappe gjennom Jotunheimen. Me starta å gå frå Tyinkrysset sidan me gjekk etappen mellom Breistølen og krysset med lett oppakning nokre dagar i førevegen. Denne dagen blei me også oppringt av Sogn Avis som hadde fått eit gloheitt tips om turen vår og ville gjerne treffe oss for ein uformell prat. Me blei jo litt overraska og oppglødde over det og tykte det var stor stas å koma på trykk :)
Det blæs ! Høgstakkane i bakgrunnen
Me hadde belaga oss på å sove i telt den fyrste natta i nærleiken av Bygdin vatnet. Mens me traska over Tyinvatnet trefte me på eit kjent "tv-fjes" om dagen. Det var ingen andre enn Solbjørg, bestyrar på Fondsbu. Solbjørg inviterte oss til Fondsbu og diska opp med middag og frukost dagen etter. Alt dette skjer altså utanfor åpningstid og midt i førebuingane til kjøret som startar til vinterferien. Makan til gjestfridom ! Tusen takk for eit flott opphald !
Stakemaraton over Gjende
Vidare bar ferda over Gjende der me hadde vårt fyste møte med solid overvatn på turen. Line plumpa uti så lang ho var og sterk som ein bjørn var ho på gli kort tid etterpå. Derav ingen minneverdige bileter....
Sjao pao dei flotte huvene so Line har hekla te oss !
For fyrste gong på turen har vi campa nede i bjørkeskogen og dette tykte me at var så triveleg at me blei ei natt ekstra i campen. Kosefyring, pjalling og lesing er nokre av stikkorda. Itillegg til dette blei det mykje kåffi med noko attåt.
Åja ?
Etter å ha traska litt langs veg og løyper ned igjennom Sjodalen kom me oss til Otta på mandag. Her hadde me planlagt pizza og pils og inviterte difor Vinstra gutta til å joine sidan dei har nokre kviledagar i heimbygda. Det heile enda med at me blei henta og kjøyrd til Vinstra, der me har fått oppvartning frå morgon til kveld. Utruleg kjekt å treffe att gutane, og Andypandy ! Me tok ein dag ekstra her sidan med fyrst var i området og har kost oss med bålfyring og triveleg selskap.
God stemning !
Idag går ferda vidare frå Otta og gjennom Rondane. Me gledar oss !

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar