torsdag 13. oktober 2011

Oktoberfant !

Vel, då har både eg og Line fått fast beite under beina for ei beite. Dei siste månedane har begge farta rundt i inn og utland. For mi eiga del har den siste tida bydd på klatreferie og deretter ein intens arbeidsperiode ulike stader. Det starta med jobb som leirskulelærar i Bø og heldt fram med å jobbe som aktivitetsleder på Prekestolen Basecamp. Det var ein kjempegivande jobb som og har gitt ein ekstra boost til turbudsjettet. Sidan eg i bunn og grunn har bopæl i fagre Gværv innebar difor dette jobb engasjemanget at eg måtte campe rundt på forskjellige marker og skogholt. Innimellom fekk eg dele ei seng på sovesalen og eit absolutt sovemessig høgdepunkt var då eg sov over hjå Håkon og Lotte i Sandnes! Dette var også eit hjartens trivleg gjensyn då Torstein også var i byen.

Livet som omstreifer gir på ein måte meirsmak og minner også om den "bedagelege" turen som ventar rundt hjørnet. Kjenner at eg gler meg meir og meir til å ta til på turen i lag med verdens beste turkumpis! Samstundes er det ein seig etappe med å få resten av turkabalen til å gå opp i forhold til logistikk og det som høyrer med. Men magefølelsen og fornuften til dels ,seier at me er godt i gang. Ein uvant følelse for ei som alltid er litt i "siste liten".

I desse dagar er me også i full gang med testing av sekkar og superundertøy. Dete gir også ein ekstra push for å komme seg ut å dra dekk eller stikke på craget. Stavane er også tekne fram og blir flittigt brukt under turane.

I forhold til mat seier ryktene at mor Jane til Tjettisen ,har turka eit berg med diverse soppar og er ivrig etter å ta fatt på meir oppgåver av den slags. I tillegg har far Leif til Idun forsynt seg av forsvarets proviant og gir dette gledeleg vekk til turjentene:)
Til slutt i innlegget må det skytast inn at eit GoPro kamera blei bestillt i går kveld etter mange månedar med sikling. Dette skal utanom å brukast til alskens fjas, fylgje oss på turen. Mogleg det kjem ein videoblogg ut av det ? :)

Nok ein gang vil me berre påpeike at me tykkjer det er uberkjekt om venner og bekjente har lyst å fylgje oss ei beite på turen !

-Idunski-

1 kommentar: