tirsdag 3. januar 2012

Godt aor !

Jess, då har kalendaren nådd den 3. januar og vi reiser avgårde om kun nokre fåe dagar. Det kriblar litt meir i magen no som avreisedagen faktisk er innan rekkevidde...

Den siste månaden har blitt nytta til å tørke mat, jobbe seg opp peng, trene, kjøpe inn diverse småplukk som trengst , tilbringe tid med famile-kjæreste og gode venner, og ikkje minst teste ut skiføret. Eg har vore heime i rundt tre-fire veker der hyppige turar til Sogndalsdalen og omegn har prega opphaldet. Pudder og feite plankar blir det mindre av i dei kommande månedane, difor er det prima å ha ei slik leikgrind tett på !
Det har også blitt nokre turar på fjellski for å gå inn støvlane som er nyinnkjøpte for turen. Alltid like skummelt med nye fjellsko eler skistøvlar ! Men Alfa skoa er heilt fantastiske etter berre eit par turars bruk og held godt på varmen. Glad det ikkje er stive lærstøvlar vi skal gå inn...

Mens eg har vore heime har vi fått ein god dunge med turutstyr frå Sportsbui ,som Line tidlegare har nemnt. I tillegg fekk eg knallgod pris på karta eg har bestillt derifrå. Vi har fått eminent service frå dag ein og det er ekstra kjekt at vi har med ein lokal forhandlar å gjere kontra store kjeder. Kommunikasjonen flyt lettare når ein slepp å gå via mange mellomledd. Så tusen takk til deg Per Steinar !

Som nemnt før er god og næringsrik mat viktig når ein skal på ein lengre tur,især på vinteren. Vekt og volum er også to faktorar som ein ikkje kjem unna. Difor har vi valt å tørke ein gode del mat sjølv itillegg til real turmat som vi har hamstra i store kvantum. Siste telling viste at eg hadde omkring 120 lunsjar av type real..Pappsen har gitt eit godt bidrag her i form av Forsvarets feltrasjonar. Elles har det vore andre bidragsyterar som meir enn gjerne har delt ut av sitt overskotslager. I forhold til å minimere volumet og for å auke haldbarheita gjekk vi til innkjøp av ei vakumpakkemaskin. Glimrande! Denne har blitt brukt flittig i arbeidet med å porsjonere ut frukostar og middagar.

Familien min generelt har bidrege maks i førebuingane med å sponse diverse naudsamt utstyr og vere med i matlaginga. Mammsen har skaffa utvida fyrsthjelpsutstyr og kjørt eit oppgradert fyrstehjelpskurs for meg. Leffa, bror, traff blink med julegåver som kikkert, stormlighter, tørrmelk, snus og nalgenflaske :) Pappsen er mentoren kva angår tur så han har ein finger med i mange deler av planlegginga .

Arild, kjæresten, er for tida på besøk i Lærdal og vi nyttar dei siste dagane til å kjøyre på ski og kose oss. Med seg i bilen hadde han ein nyinnkjøpt MSR Dragonfly, pulken og skia vi skal ha med oss. Er veldig fornøgd med den nye brennaren og brukar siste dagar på å mekke meg kjent med den. Vesentleg å kjenne utsyret godt !


-Idun-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar